Nye produkt hjå Dreisen!

Gjennom hausten har me utvikla nokre nye produkt.

Innan tekstil er det gryteklutar og panneunderlag i tova ull. I tillegg til at dei er flotte, så er dei både bærekraftige og praktiske.

Ynskjer du litt pynt til jul, kan du og finna ullhjerter med oppheng.

Tennrullane til Dreisen er det mange som kjenner til, og kjøper jamnleg. Dei er laga av avispapir.

No har me utvida sortimentet innan opptenning med 2 nye produkt:

  • Tennbrikettar - desse er laga av trefiber og er like gode som tennrullane

  • Tenntroll - dette er ekstra store tennbrikettar som er spesielt godt egna til å få fyr på bålet.

Er du nysgjerrig på desse produkta? Då er du hjarteleg velkomen innom i butikken vår på Dalegården. Her er åpent mellom 08.00-14.30, mandag til fredag.

Lurar du på noko, eller ynskjer å bestilla noko? Ta kontakt med oss på e-post eller tlf. 40801780.

Me kan og sende varer!

Nye produkt frå Dreisen: TennTroll, Tennbrikettar, gryteklutar og panneunderlag.

Neste
Neste

Nyoverhalt vedbu