Våre arbeidsområder & produksjon

Meistring, utvikling og vekst gjennom varierte arbeidsoppgåver.

Produksjonen vår

Arbeidsstasjonane dannar grunnlaget for arbeidserfaringa hjå oss.

Dei som deltek i tiltak får opplæring og kvalifiseringsbevis, knytt mot læreplanar for fleire fagbrev.

Pr. januar 2025 er dette våre arbeidsstasjonar:

VEDPRODUKSJON

Me produserer, pakkar og leverer ved. For å dekka opp etterspørselen må me og importerer noko ved. Me omset omlag 150 mål med ved pr. år.

Wraps fylt med grønnsaker og kjøtt, innrammet i hvitt papir.

CATERING

Me produserer og leverer skulemat til elevane på Dale ungdomsskule, 3 dagar i veka, på oppdrag frå kommunen. Me er i gang med oppgradering av produksjonskjøkken i eigne lokale, som er venta ferdigstilt til sommaren.

Klikker hundemat til valper med bilde av en valp, gress og annen plante, i hvit og grønn emballasje.

ORDREPAKKING

Me pakkar bl.a. hundefor på oppdrag frå Felleskjøpet.

TEKSTIL

I samarbeid med Dale of Norway gjenbrukar me opprekksgarn til eigen produksjon. Me lagar tova tøflar, sitteunderlag m.m. som me sel i våre lokaler på Dale Industriområde.

TRE

Me lagar ulike sittebenkar og bord i tre på bestilling.

Nærbilde av et bildekk med tydelige mønster.

BILSERVICE

Me har bedriftsavtalar på bilvask, dekkskift og oppbevaring av dekk. Ynskjer di bedrift ein avtale med oss?

Nærbilde av grønn gressvei med vanndråper på gressstrå, blomstrende lys i bakgrunnen.

PLENKLIPP

I sommarhalvåret klipper me plenar på oppdrag frå Vaksdal kommune, Eviny og fleire bedriftskundar.

En illustrasjon av en person som kaster søppel i en søppelkasse.

AVFALLSHANDTERING

På oppdrag frå Vaksdal kommune tømmer me boss frå offentlege bosspann på Dale 2 gonger pr. veke.

Person med blå hansker sprayer desinfeksjonsmiddel på en overflate.

REINHALD

Me har ansvar for reinhaldet i eigne lokale.

Kontakt oss

40 80 17 80

Ikon av en telefon

post@dreisen.no