Meistring, utvikling og vekst gjennom arbeid

Hjå Dreisen kan du få sjansen til å prøva deg i tilrettelagt arbeid (VTA). Ved innsøking vert det laga ein opplæringsplan for den enkelte, og ein får deretter prøva seg på ulike oppgåver innanfor Dreisen sin produksjon av varer og tenester.

JOBBSØKJAR

Varig tilrettelagt arbeid (VTA)

Ordninga

Dreisen KF er for tida godkjent for 10 plassar innanfor tiltaket Varig tilrettelagt arbeid. Ved ledig kapasitet vert nye innsøkjarar vurdert fortløpande.

Hovudkriteriet for å få arbeide ved bedrifta er at du mottek uførpensjon frå NAV. Om du har lyst til å prøva deg ut i jobb kan du gjennom tilrettelegging få hjelp til å koma i gang. Som VTA-tilsett beheld du uførepensjonen, samstundes som du får ei motivasjonsgodtgjersle frå oss.

Me leverer wraps - påsmurte lefser og mye meir.

Varighet på tiltaket

Varig tilrettelagt arbeide er ikkje tidsavgrensa. Det skal likevel jamnleg vurderast om det kan vere aktuelt med overføring til andre arbeidsretta tiltak, utdanning eller formidling til ordinært arbeid.

Me har ved for salg til privatmarkedet året rundt.

Korleis få arbeid i VTA hjå Dreisen KF

Du kan søkja om arbeid ved å ta kontakt med oss direkte, eller med din saksbehandlar hjå NAV. Sjølve innsøkinga skjer via NAV.

Du kan ta kontakt med oss enten ved å ringa dagleg leiar eller fagansvarleg, skriva brev, senda e-post eller ved personleg oppmøte.

Ann Kristin Angeltveit-Vedaa

FAGANSVARLEG

telefon 40 80 17 80 e-post

Me har for salg tovede tøfler, sitteunderlag, gryteunderlag og mye meir frå vår tekstilavdeling.

DREISEN tek samfunns oppdraget på alvor:

Det handlar om kva me gjer, korleis og kvifor. Gjennom arbeidstrening og kvalifisering av enkeltmenneske, skapar me vekst i lokalsamfunnet.